Informasjon

Edvin Tungen

  • 02.10.2013 - 11.08.2020

Han skratta og song med tullestemme, Han dansa og gjøgla. Han sprang til skolen åleine kvar morgon. Han nekta å kle seg pent og klippe håret. Han ønskte seg skrå pannelugg, men det gjekk ikkje. Han likte å spele fløyte og var kry over den blå korpsgenseren. Han hadde gult belte i ju jitsu. Han reiste gjennom magiske portalar med storesyster si. Han elska bøker. Han likte dei store jentene og tok seg av dei små gutane. Han pusla rundt åleine i bakgarden og fann små og store skattar som han drog med inn. Han var i sitt rette element i naturen, og gjekk helst utafor stiane. Han vart alltid våt på beina, men brydde seg ikkje om det. Buksene hans stod av seg sjølv og det var hol på alle knea. Han nekta å bruke klede med mønster eller tekst. Bortsett frå den heimelaga genseren med "Harry Potter" frå Sentrumshjørnet i Kvam. Han spredde mykje glede. Han var høgt elska, av naboar, venner og slektningar. Han hadde ein fantastisk fin sommarferie.

Program/Minnebok


Program
(klikk for å åpne)
Last nedPDF